Under Landskappleiken 22.-26. juni var det god deltaking frå Sogn og Fjordane. Laurdagskveld var spenninga stor då Unni Løvlid var blant dei tre beste i vokal A. Saman med Berit Opheim og Margit Myhr song ho finale, og det var til slutt Margit som stakk av med førsteplass og kongepokalen som vart sett opp i denne klassa.
 
Og det var ikkje berre Unni som gjorde det skarpt av honndølene. I spel fele B kom Britt Pernille Frøholm på andreplass, fekk sitt andre napp, og er å rekne som A-klassing å vere.
Spelemannslaget Fjelljom var representerte i fleire klasser, og i dans fele C gjorde Elling Sindre Syversbråten og Emma Nygaard Sætren det godt og havna på ein 3. plass med springar frå Nordfjord. Dei deltok også med parhalling og vart, saman med Stine Fjellkårstad og Mathias Hagen sin springar, rangert alfabetisk. I vokal D kom Dag Vangberg på 2. plass.
 
I gruppespel junior kom jostedølane Kristi og Tora Bjørhusdal på ein flott 3. plass med sitt samspel, og i lagspel kom Gamlebanken på ein 5. plass - som beste lag frå fylket. I instrumentutstillinga på hardingfele fekk Harald Kvandal 2. plass og bronse for si hardingfele, og Rolf Inge Kvandal 4. plass og bronse.
 
Vi gratulerar alle med gode plasseringar og god deltaking! Sjå heile resultatlista her: http://folkorg.no/content/uploads/2014/09/2016-Resultat-Landskappleiken-Vaagaa.pdf