Sigrane var det i år andre som stakk av med, men utøvarane frå fylket kan likevel skilte med mange gode prestasjonar og plasseringar.

Hallingdansaren Vidar Underseth var ein av finalistane i laus kl. A, og tok til slutt ein flott 4. plass. 

Indre Sunnfjord Spelemannslag, leia av jølstringen Sigmund Eikås, var eitt av finalelaga i klassen for lagspel senior, og tok til slutt 4. plassen. Eitt av dei andre finalelaga, studenspelemannslaget Team Gløs Tøs i Trondheim, blir leia av Torkjel Bruland Lavoll frå Førde og har ei rekkje medlemmer frå fylket. 

Dagfrid Vallestad Brevik kapra 2. plassen i spel hardingfele kl. B, og dansarane Berit Aarøen og Ørjan Fjellkårstad frå Spelemannslaget Fjelljom tok 2. plassen i dans fele kl. C.

Les meir og sjå komplett resultatliste her.