Både solistar, grupper og lag kan melde seg på Landsfestivalen i gamaldansmusikk. I tillegg er det eigen klasse for dans.
Lurer du på kva som blir vektlagt i konkurransen? Dommarane vurderer mellom anna takt, rytme og danseappell, samspel og reinleik, slåtteval og arrangement, og musikalitet og formidling.
På Landsfestivalen er alle norske runddanstradisjonar likeverdige. Men vi oppmodar alle deltakarar om å spele lokale slåttar i tradisjonell stil - det vil de også bli honorert for av dommarane!
Vi minner også om den nye klassen, junior samspel, som for første gong skal setjast opp på Landsfestivalen.I denne klassen kan to eller fleire i aldersgruppa 12-18 år spele saman, og det vil omfatte alt frå duettar på t.d. fele og toradar til større juniorlag. Ingen avgrensingar med omsyn til instrumenttypar, men ein kan ikkje stille med same instrument to gonger i same klasse. Og, ingen over 18 år kan delta i denne klassen (heller ikkje som musikalsk leiar).
Meld deg på her innan 5. juli.