Bak årets Landsfestival sto ei rekkje spelemannslag i Nordfjord: Eid Spelemannslag, Fjelljom Spelemannslag, Nordbygda Spel og Dansarlag og Vindfylla Spel og Dansarlag.
Leiar for hovudnemnda, Johannes Rotihaug, seier dei er godt nøgde med arrangementet, og at det meste har gått på skinner. Nokre solide regnskyll såg ikkje ut til å leggje dempar på folkefesten, og det var danseglade folk å sjå både innandørs og utandørs til tidleg ut på morgonkvisten.
Det var som vanleg ei rekkje deltakarar frå fylket, men ingen klarte i år å gå heilt til topps. Likevel nemner vi at Norill Terese Norheim fekk finaleplass i junior durspel/trekkspel, og der tok ho til slutt ein flott tredjeplass. Arne M. Sølvberg landa på andreplass i senior fele/hardingfele.
Les meir om Landsfestivalen og sjå komplett resultatliste her.