Logo2012

Mo i Sunnfjord, 8.-13. juli

KURSTILBOD - MOKURSET 2012

Mokurset 2012 har følgjande kurstilbod:

 

Song- og spelkurs på hardingfele, fele, trekkspel og toradar (for born, unge og vaksne)

På song- og spelkursa står den tradisjonelle gehørbaserte læringa i fokus, og deltakarane får gjennom gruppeundervising og individuelle timar lære tradisjonell musikk og rettleiing i teknikk. Det er lagt opp til ei rekkje støttefag som dans, dansespel, scenisk formidling, samt valfag.

 

FOLKELEG DANS, fordjuping med Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell (for vidarekomne)

På dansekurset blir det fokusert på generelle spørsmål knytt til folkeleg dans: samspelet mellom musikk og dans, ulike snuteknikkar, balanse, flyt og driv i dansen, og personleg uttrykk. Gjennom å reflektere over eigne og andre sine rørsler, søkjer ein å utvikle forståinga av eigen og andre sin dans, og dansen i relasjon til musikken.

 

I samarbeid med Førdefestivalen:

MEISTERKLASSE på fele/hardingfele med Jorun Marie Kvernberg (for vidarekomne)

Masterclassen fokuserer på interpretasjonsøvingar med testing av ulike spørsmål og problemstillingar, og innslag av faglege refleksjonar og diskusjonar kring interpretasjon, teknikk og musikkforståing. Det vil også bli lagt opp til noko gehørbasert slåttelæring som praktiske øvingar.

 

 

 

Det er lagt opp til ei rekkje fellesaktivitetar for alle kursa, på tvers av nivå og alder, og kvar kveld er det konsertar og dans.

| Mer++