FolkOrg-helga er lagt til Lillehammer, nærare bestemt til Lillehammer Hotel. Datoane er 15. – 17. april 2016. Det blir kurs for instruktørar og styret i spel- og dansarlag, tevlingsarrangørar og andre generelt interesserte. Det blir også eit eige kursopplegg for ungdom. Her finn du ei skildring av kursa og skjema for påmelding: http://folkorg.no/kurshelg2016/
Alle medlemmer er velkomne!
Alle som er medlem i FolkOrg er velkomne til å delta på kurshelga. Du treng ikkje være styremedlem, instruktør etc for å delta. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn her.
I tillegg til gode kurs vert det og tid til sosialt samvære. Fredag kveld blir det buskspelmoglegheiter, og laurdag kveld blir det festmiddag, dans og utdeling av pris til årets lokallag!
Deltakaravgift
Vaksne: 450 kr
Ungdom 250 kr
I tillegg kjem eventuelt kostnad for mat og overnatting.