Spelkurset startar fredag 24.05, kl 19.00-21.00 og held fram laurdag 25.05, kl 13.00-16.00. Etter kurset vert det konsert med Britt Pernille Frøholm og Irene Tillung. Konserten startar laurdag kl. 19.00.
Kursavgift: kr 300 Konsert: kr 100 for vaksne, barn går gratis.
Stad: Låven, Knausen Hyttegrend, Hornindal.
Påmelding: Kåre Ottar Tvinnereim, k-tvin@online.no
Presentasjon av utøvarar:
FRØHOLM/TILLUNG
Desse to tøffe damene spelar frisk vestlandsmusikk med gneist og briljanse. Britt Pernille si hardingfele saman med Irene sitt akkordeon gjev eit variert musikkbilete med rom for både vare tonar og groovy hallingar.
Irene Tillung - trekkspel er ifrå Voss, men er no busett i Oslo. Har etter endt utdanning ved Norges Musikkhøgskule livnæra seg som musikar, og turnert mykje både her heime og utanlands.
Britt Pernille Frøholm er fele/hardingfelespelar frå Hornindal og har folkemusikktradisjonen derfrå som sin basis. Ho har også ei mastergrad på hardingfele fra 2006 der hun jobba med samtidsmusikk og forska på nye teknikkar for hardingfele. Ho har på denne måten klart å skape sin særeigne signatur i sitt spel.