Kurset startar fredag 9.mars kl.19.00 - 21.00,held fram laurdag kl. 10.00 - 17.00, og avsluttar søndag kl.10.00 - 12.00
Kurset høver både for ferske rull-dansarar og for dei som kan litt, men vil fordjupe seg i dansen. Ein treng ikkje melde seg på parvis!
Pris for kurset er kr. 500,- Meld deg på til Oddbjørg på tlf. 414 60 468
Les meir om kurset her.
Viss du treng overnatting, kontakt Jostedal hotell tlf 57 68 31 19
Når Håkon og Ami underviser har dei fokus på musikken og samspelet med partnaren. Før dei er det viktig at dansarane er trygge og frie i dansen. Musikalsk timing og rørsletiming er noko som dei legg stor vekt på. Rotasjon, teknikk, balanse, mm er også med i kurset. Sigmund har stor erfaring som musikar og pedagog. Han er ein fantastisk dansespelmann og er ein viktig del av kurset.