Kurs i folkesong 7. mai kl. 10.00-16.00
Stad: Dale (studio Nova, gamle kommunehuset)
Pris: 250kr.
Påmelding epost: fureEgil@protonmail.com/
laftebile@gmail.com eller
mobilnr: 97717956
Kari Malmanger (f. 1978) er frå Rosendal, men bur i Sogndalsdalen. Ho har utdanning frå HiB (musikklærar) og UiB, der ho har master i etnomusikologi, og masteroppgåva handla om song og minne. Ho har studert folkesong ved Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet. Kari er ein allsidig songar med folkesongen i botn, og ho likar å leika og improvisera. Ho gav ut folkesong-plata "No soli bakom blåe fjell" i 2012. No jobbar ho som musikklærar, kordirigent og frilans songar. Kari er kvedar i A-klassen. Ho forvaltar tradisjonsstoff frå Vestlandet med hovudvekt på Kvinnherad, Voss og Sogn. Dei siste åra har ho vore aktuell med julekonsertprosjektet Julesong, så det er travle tider kvar desember.
På kurset vil de få læra ulike typar folketonar både med og utan tekst, mellom anna: slåttetralling, slåttestev, barnesongar og religiøse folketonar. Det vil bli fokus på sunn stemmebruk og songteknikk, og å ha det kjekt i lag når vi syng. Kan henda vert det litt improvisasjon eller fleirstemt song om vi får tid og det er stemning for det. Men hovudfokus på kurset er folkesongtradisjon og innlæring på øyra. Ta gjerne med mobil eller anna å gjera opptak med, og vatn å drikka.