Elin Grytting er rekna som ein av dei fremste ressurspersonane på Vestlandet når det gjeld volkal folkemusikk. Ho har tileigna seg stor kjennskap til dei folkelege musikk- og dansetradisjonane i fylket vårt, både gjennom innsamlingsarbeid, konsertverksemd og ulike samarbeidsprosjekt.
John Oddvar Kandal har spela fele sidan tenåra. Med ulike grupper og personar har han jamt opptredd heilt sidan starten. Han har reist på kappleikar og stemne, og vart A-klassing alt i 1980. Han har hatt fleire kurs i spelemannslag i Nordfjord og vore instruktør på sommarkurs og inspirasjonskurs.
- Det er i 2011 to verdige vinnarar av kulturprisen. Dei har sitt virke innanfor same fagfelt, og har saman og på kvar sin kant, arbeidd med kultur gjennom fleire tiår. Det er ei stor glede å tildele kulturprisen for 2011 til Elin Grytting og John Oddvar Kandal, sa Kristin Sandal, leiar ved kultur- og miljøutvalet.
Les meir om tildelinga på Gloppen kommune sine heimesider.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag gratulerer så mykje med prisen!