Folkemusikken og -dansen er ein del av vår immaterielle kulturarv (IKA). Norge har slutta seg til ein UNESCO-konvensjon om vern og vidareføring av slik kulturarv, og det skal utarbeidast ei oversikt.
Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) har initiert og driv nettsida kulturarvporten.no, der dei som vil kan registrere slåttar, songar og dansar. Målet er ikkje ei fullstendig liste, men ei som stadig aukar.
Kulturarvporten.no er meint som eit bidrag til å synleggjere kva Norge med sine ulike lokalmiljø har av musikk- og dansearv som er i bruk, og som miljøa sjølve gjerne vil halde oppe og føre vidare.
Dersom du har eit forslag til musikk- og/eller dansearv som du gjerne vil ha synleggjort, registrer deg som forslagsstillar, og skriv inn forslaget ditt i skjemaet du så får tilgang til. Det er nok at du fyller ut dei postane som har stjerne.
Hiv deg rundt og registrer på kulturarvporten.no innan 19. oktober!