Helene Myklemyr og John Oddvar Kandal starta samarbeidet i Kringslått for knappe tre år sidan, og har i hovudsak dyrka folkemusikktradisjonen i fjord- og dalbygdene kring Jostedalsbreen. Frå gammal tid har det vore nære band desse bygdene imellom, og det gjenspeglar også musikken.

Duoen har vore nytta på ei rekkje tilstellingar, m.a. kyrkjekonsertar, underhaldning på institusjonar, jubileum og elles i lyd og lag. Repertoaret femner om både slåttespel og runddansmusikk, folketonar og salmar i eige arrangement.

John Oddvar Kandal (fødd 1950), er bygdespelemann frå Breim. Han har vakse opp med lokal tradisjonsmusikk, og er ein landskjend felespelar. Han har årelang røynsle som utøvar, og har turnert både med eige orkester og som fylkesmusikar i inn- og utland. Han har drive opplæring i felespel, og tek i dag mot studentar og er tilsett som timelærar ved Norges Musikkhøgskule. John Oddvar vart i 2012 tildelt Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.

Helene Myklemyr (fødd 1963), er trekkspelar, oppvaksen i Jostedalen og fører vidare speletradisjonen etter musikaren og komponisten Oddvar Stegegjerdet. Ho har, som Stegegjerdet, overført hardingfeletradisjonen frå heimbygda til trekkspelmusikken sin, og vart allereide i ung alder vide kjend for sin særmerkte spelestil. I tillegg til å vere mykje nytta som ”spelemann” både til underhaldning og dans, har ho også gjort teneste som vikar for organisten ved kyrkjelege handlingar.