Kulturkvelden startar i ungdomshuset Urdabrun kl 1830 med konsert med Britt Elise Skram,Werner Barth og lokale utøvarar. Frå kl 21.00 vert det folkemusikkpub på Kafé Sjøatunet med Werner Barth og opa scene for alle som ynskjer å spele, synge eller fortelje ei historie. Det vert og plass til å danse og litt allsong.
Det vert mogleg å kjøpe kaffi, kake, pizza med meir etter konserten.
Billettprisar: Konsert og pubkveld 100,- Berre pubkveld: 50,-
Det er gangavstand mellom lokala.
OM BRITT ELISE SKRAM
Britt Elise Skram er frå Vestnes i Romsdal og har spelt i A-klassa i mange år. Ho er utdanna frå Norges musikkhøgskule, leiar i Spelmannslaget Dåm og Drag og spelar i fleire grupper som Øresus, Vangsgutane og Kystfolket, i tillegg til Werner Barth.
OM WERNER BARTH
Werner Barth er ei gruppe frå Vestnes beståande av Britt Elise Skram, Karl-Arne Frantzen og John Trygve Villa på høvessvis fele, gitar og bass. Sidan 2002 har gruppa spelt ein type eigenarrangert folkemusikk blanda med andre impulsar og kan vel best puttast i båsen folk-rock. Repertoaret har spunne frå rolege folketonar via morsomme viser til spenstige hallingar. Gruppa har spelt i mange samanhengar som til dømes på Folkelarm i Oslo, ein skandinavisk festival i Minnesota, bursdagar, opning av konferansar, kyrkjekonsertar og til dans. Dei har også blitt fylkesmeistrar i open klasse under fylkeskappleiken for Møre og Romsdal fleire gonger.
Fredagsklubben i Utvik håper flest mogleg vil kome på desse arrangementa og ta med instrument, songstemme og dansesko til ein triveleg kveld ilag i Utvik.