Trio Lærdal såg dagens lys i 2018, då trekkspelaren Tom Karlsrud slo seg saman med dei to tremenningane Gudmund Bolstad Skjær og Liv Ulvik, som kjem frå kvar sin nabogard i Lærdal, frammi Skjær og atti Skjær. Tom sjølv kjem denne veka rett frå operaen i Bjørvika, der han har spelt med Gjertruds sigøynerorkester i Czardasfyrstinnen. Utanom sigøynermusikken har Tom gjennom mange år fordjupa seg i folkemusikktradisjonen frå Lærdal og bygdene rundt. Songar Liv er kjend frå grupper som Østerlide og Eplemøya songlag, og gitarist Gudmund har vore med i diverse folkemusikkprosjekt med felespelar Aslak Brimi ved sida av all køntrien han driv med. Saman spelar dei lokal folkemusikk i eigne arrangement, med fart og driv, med naturlengt og vedmod, med slåttertralling og dansetakt! I tillegg har trioen tre songar med tekst av Kari Bakke og musikk av Liv Ulvik. Den eine av desse har urpremiere denne kvelden!
Billettar hjå TicketCo HER og med Vipps i døra kr 200,-
Stad: Ungdomshuset Fjelly, Adressa er Borgundsvegen 536.
Velkomne til konsert med Trio Lærdal!