Folkemusikken frå bygdene i Sogn står i høgsetet når Håkon Høgemo (hardingfele) og Tom Karlsrud (trekkspel) held konsert i grendahuset. Håkon og Tom har spelt saman sidan tidleg 90-tal både som duo og i trio saman med folkesongar Judith Vestreim.
I 2016 gav duoen ut albumet "Samdrag" der slåttar frå den rike tradisjonen i Sogn vart framført i arrangert samspel. Det vert smakebitar frå dette repertoaret i tillegg til nye arrangement av slåttar m.a. etter "Grevle-Per" (Per Sandnes) og Ola Kvamme, begge frå Lærdal.
Etterpå vert det kaker og kaffi og dans til Dalsfjorden spelemannslag
Billett kr. 250
Arrangør: Dalsfjorden spelemannslag