I "Or Setesdal» har Kim Rysstad samla nokre av sine favorittsongar henta frå den særeigne og mangfaldige Setesdalstradisjonen. Kim er ein av få tradisjonsberarar som er med på å halde den vokale folkemusikken frå Setesdal i hevd, og føre den vidare til nye generasjonar. I denne boka med CD vert du kjend med kjeldene Kim har lært av, ei kort innføring i kva kveding er, samt ei lita oversikt over dei ulike sjangrane som er representert.
Kim Rysstad er ein Spellemann-nominert, prislønt A-klasse kvedar og songar, tekstforfattar og komponist frå Rysstad i Setesdal. Med si unike røyst djupt forankra i folkemusikken har han blitt lagt merke til av musikkelskarar langt utanfor landegrensene.
"Gleder meg å kome tilbake til Førde, der eg har hatt mange fine konsertopplevingar, spesielt på Førdefestivalen. Veit at det er eit veldig bra publikum der.»
-Kim Rysstad
Kim Rysstad - vokal
Trym Bjønnes - gitarar
Ånon Egeland - feler
Konserten er ein del av FolkJazzScena, som er Førdefestivalen sitt konserttilbod gjennom heile året. Her samarbeider festivalen med lokale arrangørar og presenterer musikk både innan folkemusikk- og jazz-sjangeren.
Meir info om arrangementet og link til billettar finn du her: https://www.fordefestivalen.no/folkjazzscena/2022kim-rysstad-or-setesdal