Hardingfelekonsert med Erlend Apneseth

Det er lenge mellom kvar gong nordfjordingar har høve til å gå på ein konsert med solospel på hardingfele. No har vi sjansen, sidan spelemannslaget Fjelljom har teke på seg å stå for konsert med Erlend Apneseth. Den unge jølstringen har allereide spelt seg opp i landstoppen, og han satsar på hardingfela som leveveg etter å ha brukt tid på studie m. a. på Ole Bull Akademiet. På Landskappleiken sist sommar debuterte han i klasse A (eliteklassen) med å spele seg heilt til finalen. Samtidig vart han og tildelt den høgthengande Fure-prisen for unge talent.  Og i 2012 fekk han plateselskapet Grappa sin debutantpris. Han var då med på plata ”Jølster 2012” saman med Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset og Gro Marie Svidal der deira soloslåttar resulterte i nominasjon til Folkelarmprisen.

Sist haust sleppte han si fyrste soloplate ”Blikkspor” til strålande kritikkar. Og vi her i området kan merke oss at Arve Henriksen var produsent. På konserten i Skogstjerna tysdag får vi heilt sikkert høyre mange døme på det herlege tradisjonelle slåttespelet hans, og i tillegg ein smakebit på improvisasjon  og utforsking av nytt bruksområde for hardingfela.

Når du fyrst tek turen til Skogstjerna, er det etter konserten høve til å svinge seg på Tysdagssvetten til drivande dansemusikk av spelemannslaget Fjelljom.

Alle velkomne!

Billettpris kr. 100,-