Folkemusikk på Åmot Operagard !
Konsert med Erlend Apneseth og Berit Opheim
Fredag 11.april kl 19.00
Berit Opheim er eit kjend namn for dei fleste; som ein framifrå kvedar, medverkande på ei lang rekkje utgjevingar og i varierte konstellasjonar, ofte i krysninga mellom folkemusikk og samtidsmusikk / jazz. Ho er også fast medlem av den kritikarroste gruppa Trio Mediævel.
Erlend Apneseth har i løpet av 2013 etablert seg som ein av dei mest spennande av våre unge folkemusikarar. Mellom anna var han "månadens artist" på Riksscenen, ga ut debutplata "Blikkspor" og var solist med Bergen Filharmoniske orkester. I tillegg spelte han seg til finalen i A-klassen på Landskappleiken, og hadde ei rekkje konsertar i inn og utland
Konserten blir eit møte mellom to musikarar som begge er sterke tradisjonsbærarar, men som også er nysgjerrige på andre uttrykk og sjangrar. Ein fellesnemnar her er improvisasjon; i tillegg til solostoff frå sine eigne tradisjonar vil dei også møtast gjennom improviserte strekker, og saman arrangere eit utval av både tradisjonelt og nykomponert materiale.
Billettar: Pris kr 250, tinging på www.operagarden.no
Open bar etter konserten og høve til å vere på Åmot utover kvelden.
Dei som ynskjer tre-rettars middag etter konserten må tinge seinast 7 dagar på førehand via Operagarden si heimeside.
Arr. Åmot Operagard i samarbeid med Gaular Spelemannslag