Sogn og Fjordane folkemusikklag gratulerar vårt medlem Hilde Bjørkum med Kongens Fortenstmedalje! Hilde Bjørkum har hatt ei sentral og viktig rolle i folkemusikk-Noreg som leiar i Førdefestivalen gjennom mange år. Ho har gjort ein solid innsats lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og leia festivalen fram til å verta den største i sitt slag i Skandinavia. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE award, som ein dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Hilde Bjørkum har motteke fleire utmerkingar for insatsen ho har lagt ned for folkemusikken og Førdefestivalen. I 2018 vart ho og tildelt Folkemusikklaget si eiga utmerking; Folkemusikkprisen. Hilde er aktiv hardingfelespelar i Indre Sunnfjord spelemannslag, og som folkedansar har ho gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein Kongepokal.