UngLåt, det vestlandske sommarkurset for barn og unge mellom 9 og 18 år med interesse for folkemusikk og -dans, er over for denne gongen. 25 born og unge var med på kurs i hardingfele, fele og trekkspel. Deltakarane var frå både Sogn og Fjordane og Hordaland. Kurset skjedde på Sunnfjord Folkehøgskule 4.-7. juli, som er ein dag meir enn i fjor. Dette var for at deltakarane skal verte betre kjende. UngLåt vert arrangert i samband med Førdefestivalen som vart arrangert 6.-10. juli, og deltakarane var òg med som publikum på opningskonserten. Dei var òg med på dansen i Førdehuset i etterkant, noko dei synast var artigt. Fleire synast det var så kjekt at dei ville vere att lenger på dansen då det var tid for å reise tilbake til folkehøgskulen.

 

Kurset fekk mykje god tilbakemelding frå lærarar, deltakarar og foreldre. Fleire nemnde at det var bra det var så sosialt, og at det var mykje å gjere på Sunnfjord folkehøgskule når det ikkje var kurs eller fellesaktivitetar. Fasilitetane på Sunnfjord folkehøgskule gjer staden til ein eigna plass for slike kurs. Der er gode og rimelege overnattingsrom, god mat og aktivitetar som brettspel, biljard, airhockey, fussball, ping pong, gymssal, volleyballbane mm. I tillegg var det kjekt at det var dans, quiz og valfag på UngLåt, sa nokre av deltakarane. Kursa var lærerike og deltakarane fekk god oppfølging. Særleg var det påpeika at eit 4-dagars kurs gjorde det lettare å få lært slåttane godt, enn dersom det varte i kun tre dagar. Deltakarar kunne òg seie ifrå om kva som kunne gjort kurset endå betre, noko som vi kan nytte i planlegginga av neste års kurs.

 

 

I løpet av dagane fekk deltakarane lære seg slåttar som dei kunne framføre på hentekonserten på fredagen. Der fekk kvar av dei 6 gruppene framføre det dei hadde lært på kurset. På slutten av konserten samlast alle deltakarane seg til fellesnummeret "UngLåt-marsjen" som Bjørn Kåre Odde hadde komponert til anledninga. 

 

Vi takkar for kjekke dagar saman på UngLåt 2023!