Erlend Apneseth og Margit Myhr er to av våre aller fremste yngre folkemusikarar. Erlend slapp si kritikarroste debutplate "Blikkspor" i 2013, har hatt omfattande konsertverksemd i inn og utland, og motteke fleire prisar for spelet sitt dei siste åra. Margit har, i tillegg til å være ein framståande kvedar, vore engasjert i dansegruppa Villniss og vore med i fleire produksjonar på Västanå teater i Sverige som skodespelar, musikar og dansar. Margit er ein allsidig musikar som i tillegg til stemma trakterer hardingfele, langeleik og lyre.
Svenske Anders Löfberg er riksspelman og mellom anna kjent frå gruppene Nordic og Majorstuen, og har vore ein særs synleg og aktiv utøvar på både dei svenske og norske folkemusikkscenene dei siste åra. Han trakterer cello, fele og hardingfele på beste vis og vi er svært glad for å ha han med på laget denne kvelden!
Julekonsert på Eikaasgalleriet
Eikaasgalleriet 19. desember 2014:
I regi av Sogn og Fjordane kunstmuseum inviterer folkemusikarane Erlend Apneseth, Margit Myhr og Anders Löfberg til julekonsert på Eikaasgalleriet fredag 19.desember kl. 20.00. Konserten tek utgangspunkt i eit utval julesongar og religiøse folketonar frå Hallingdal og vert i tillegg krydra med slåttar og eigne komposisjonar.