Dansarane Oddbjørg Ese og Lidvin Hesjevoll frå Jostedalen gjekk heilt til topps med springaren sin i seniorklassen, og andreplassen gjekk til Laila Gjerde og Tormod Øvrebø, også frå Jostedalen.
Nikolai Storevik frå Stryn toppa juniorklassen i fele, medan Fredrik Hope frå Hyen tok andreplassen. Mathilde Skjæret og Kine Svori frå Jostedalen fekk høvesvis 2. og 3. plass i juniorklassen for hardingfele.
Indre Sunnfjord Spelemannslag, leia av Sigmund Eikås, tok sigeren i seniorklassa for lagspel.
Komplett resultatliste for Vestlandskappleiken 2010 er å finne på heimesida til Vestlandskappleiken.