Sidan endt utdanning på Norges Musikkhøgskule i 2004 har Kvernberg jobba som frilans folkemusikar på heiltid, mellom anna med gruppene Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble.

Som solist er det folkemusikken frå Møre og Romsdal ho ber fram. Kvernberg serverar mellom anna skarpskorne polsdansar og vemodige valsar, sindige bruremarsjar og viltre hallingar. Musikken ber med seg historier om ein pengeforfalskar som må bøte med livet, om ei kyrkje full av mystikk, om ei fele som tryllar fram ungdomsminner og om slåtten som flaut i land etter Tafjordulukka.

Jorun Marie Kvernberg har kandidatstudiet i utøving på fele og hardingfele frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei seinare åra har ho også tatt songen i bruk, og ho beherskar den sjeldne teknikken å akkompagnere sin eigen song med felene.

Kvernberg har medverka på 16 CD-produksjonar og gav i tillegg ut sin eigen solo-CD i 2006, «Album». Kvernberg vart tildelt Statens Kunstnarstipend for yngre folkekunstnarar i 2009-2010. I stipendperioden har ho satsa på å utvikle seg som solist, mellom anna ved å utvikle ein solokonsert.

Konsertframsyninga har blitt til med hjelp frå Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund.

«Kvernberg visade prov på en scennärvaro som var något extra, det lyste och glödde om henne oberoende av om hon sjöng eller spelade. Och emellanåt gjorde hon alltså både och på samma gång» - Siv Ekström, Åland avis - juli 2010.

 

Opplev Jorun Marie Kvernberg på konsert:

Laurdag 17. sept. på Gryta Camping i Oldedalen, kl. 20.00

Søndag 18. sept. i Haarklousalen i Førde, kl. 20.00