Folkemusikkgruppa Grannelaget står bak den nystarta festivalen, og dei håpar på at det kan bli eit årleg arrangement.

Fredag 16. november blir det konsert med Valkyrien Allstars på Gloppen hotell, og etter konserten blir det dans til musikk av Austrheim Musikklag, Eid Spelemannslag og Grannelaget.

Laurdag 17. november blir det kyrkjekonsert med Linda Øvrebø, Synnøve Nordvik, Hanne Heen og Øyvind Lyslo.