Med si andre soloplate, "På Beitohaugen", har Jan Beitohaugen Granli fått musikkritikarane til å hente fram lovorda. ”Mesterspill” (Vårt Land), ”Inspirerte toner” (Aftenposten), ”Som smidd til Spellemannprisen” (Dagsavisen) er karakteristikkar som gjev løn for strev, men som også gjev publikum lovnadar om gode konsertopplevingar. For det er jo nemleg slik at dei beste musikkopplevingane får du når musikarane sit framfor deg og leverer musikken direkte. På denne miniturneen i fylket byr FolkJazzScena publikum på tre slike nære møte med ein spelemann som har folkemusikkrøter fleire generasjonar tilbake.

Beitohaugen Granli har vunne Landskappleiken fem gonger, Kongepokalen ein gong, og vart nominert til Spellemannprisen for debutplata "Lite nemmar" i 2003.

For å oppleve han på FolkJazzScena i haust, må du enten reise til Flåm Samfunnshus 3.okt., Stryn 8. okt., eller Eikås i Jølster 9. okt.

Sjå kalendaren til høgre for informasjon om klokkeslett.