VM på ski susar av garde i Kollen. Og folkemusikken kling med i kappestriden på dei mest finurlege måtar, i alle fall når Moldestad og Eide fabulerer kring temaet – i ord, tonar og audiovisuelle framstillingar.
Framsyninga er ein nyfrisert VM-versjon av suksessen frå Landskappleiken 2010 på Voss, der Linda Eide og Sigrid Moldestad og co fylte Voss idrettshall ein kveld i juni.
Sigrid Moldestad: Spelekvinna frå Nordfjord som vart kåra til årets folkemusikar i 2010. Stod bak den kritikarroste forestellinga Taus der plateversjonen fekk Spelemannprisen. Har vore på vegen med bandet sitt og plata ”Sandkorn” som vart lansert våren 2010.
Linda Eide: Vossing og faktaformidlar med humor som hovudinstrument. Stadig på reise i hyggeleg norsk galskap som guide i tv-serien Norsk attraksjon på NRK 1.
Sjå fotoreportasje frå framsyninga på Landskappleiken her.