På inspirasjonskurset vil det bli fokusert på speletekniske utfordringar ved å spele folkemuskkmelodiar på eit blåseinstrument – frasering, artikulasjon og rytme, samt tips til tolking av melodiar mest spelt på andre instrument(t.d. fele).
Klarinetten brukt i samspel med andre instrument, i grupper og spelemannslag vil og bli teke opp. Teknikkar for stemmespel, arrangement for klarinett samt ulike roller for klarinetten i eit ensemble(melodi, stemme, akkompagnement, etc.) vil verte diskutert og utprøvd.
I tillegg til praktisk arbeid og spel på klarinett, vil det vere mogleg å sjå på videoar og høyre opptak av klarinetten i bruk i folkemusikk, både solo og i grupper.
I tillegg til å ta med klarinetten på kurset, kan det vere nyttig å ha med skrivesaker og gjerne noko å ta opp lyd med.
Velkomne!
Kurshaldar: Ine Nord
Dato: 10. august
Tid: 12.00-17.00
Stad: Sandvegen 4, Molde.
Pris: 300kr
Påmelding: Innan 3. august til folkemusikk@hivolda.no
Arrangør: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Ine Nord
Ine Nord er utøvar av norsk og nordisk folkemusikk. Ho held for tida på med å avslutte ein mastergrad i utøvande folkemusikk ved Sibeliusakademiet i Helsingfors, Finland.
Hovudinstrumentet til Ine er klarinetten, og ho er oppteken av bruken av instrumentet både tradisjonelt i folkemusikken og i meir moderne settingar.
Ho har også sett seg grundig inn i klarinetten si historiske betyding i den nordiske folkemusikkscena.
Ine opptrer aktivt på konsertar, både solo i prosjektet Ine Nord – Loooking Back, og i større og mindre ensemble, mellom andre blåseinstrumentgruppa We/Blow (https://soundcloud.com/weblowband) og Sibelius Akatemia Folk Big Band (https://soundcloud.com/sibafolkbigband). Ho opptrer også på prosjektbasis i større og mindre konstellasjonar.
Informasjonen om kurset er henta frå heimesida til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.