Til lag og medlemmer i Sogn og Fjordane folkemusikklag

 

6968 Flekke 06.03.2020

Innkalling til årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag

Vi kallar med dette inn til årsmøte i Sogn og Fjordane folkemusikklag i:

 

Fjalerhuset (kommunehuset) i Dale i Sunnfjord sundag 29. mars 2020 kl. 12.00.

 

Sakliste:

Opning

  1. Val av møteleiar
  2. Val av referent
  3. Val av to til å skrive under møteboka
  4. Godkjenning av innkalling
  5. Godkjenning av sakliste
  6. Årsmelding 2019
  7. Rekneskap 2019
  8. Samhandling med Hordaland folkemusikklag
  9. Arbeidsprogram 2020 – 2023
  10. Aktivitetsplan 2020
  11. Fastsetjing av kontingent
  12. Budsjett 2020
  13. Offentleggjering av styreprotokollar
  14. Val

Saksvedlegg, saksutgreiingar og styret sine framlegg til vedtak vert ettersende.

 

Vi minner om §4 i vedtektene der det m.a. heiter:

 

Alle medlemmer i lokallag eller direkte-medlemmer har møte- og talerett. Kvart lokallag har rett på 2

utsendingar. Røysterett på årsmøtet har dei valde utsendingane og styret i SFFL. Styret i SFFL har ikkje

røysterett ved handsaming av årsmelding og rekneskap.

 

Fullstendig oversyn over vedtektene finn de her: http://www.folkemusikklaget.no/om-laget.160231.no.html

 

Vi gjer merksam på at Koronavirussituasjonen kan medføre at møtedato må endrast.

 

Med helsing styret i Sogn og Fjordane folkemusikklag

 

v/ Knut David Hustveit (leiar)