Innbyding til Sogn og Fjordane-kappleiken 2020
Dalsfjorden spelemannslag arrangerer Sogn og Fjordane-kappleiken 2020 (tidlegare kalla Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane) og byr, saman med Sogn og Fjordane folkemusikklag, inn til kappleik i
Fjaler ungdomsskule 27. og 28. mars 2020
Påmeldingsfrist til Sogn og Fjordane-kappleiken: 20. mars 2020
Smørbukk-kappleiken
for dei yngste utøvarane er lagt inn som ein del av programmet
28. mars 2020 kl. 13.00
Vi ber om førehandspåmelding til Liv Ulvik: E-post: liv.ulvik@gmail.com / tlf.: 95839015 Registrering /etterpåmelding fram til kl. 12.00 same dag (møt i god tid!)
Kappleiksarena
Vi legg opp til å samle heile kappleiksarrangementet på Fjaler ungdomsskule. Både kappleikskontor, matsal, øvingsrom, tevlingsarena, dansearena og diverse konsertinnslag vert i same bygningen.
Opning / konsert
Ordførar Kjetil Felde opnar kappleiken. Rett i etterkant vert det ein konsert med lokale utøvarar der vi set fokus på arrangørlaget, lokale musikk-skaparar, lokale musikkutøvarar i alle aldrar, lokale songarar og lokale danseformer som parhalling frå Dalsfjorden.
Andre konsertinnslag
Liv Ulvik er ein merittert songar som har turnert verda rundt med norsk tradisjonssong. Ho bur i Lærdal og er nyleg tilsett som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Vi har eit sterkt ynskje om å både høyre ho synge og presentere henne for folket i vårt distrikt.
Tevlingsreglar
Sogn og Fjordane-kappleiken følgjer Folkorg sitt reglement med desse avvika:
- Fele og hardingfele er samla i same klasse.
- I lagdans junior er det berre krav om minimum 3 par.
- I pardans runddans junior vert det tevla berre i reinlendar.
- NB! Legg merke til at ein no nyttar Folkorg sitt regelverk i pardans runddans senior med alle fire danseartene.
Premiering
Premiering etter Folkorg sine reglar. Det vil seie premie til dei tre beste i kvar klasse og i tillegg deltakarpremie til alle i juniorklassane. Vandrepremie i spel fele/hardingfele, dans og vokal.
Påmelding
Påmelding på nett: http://tevling.folkorg.no/ .
Deltakaravgift betalast samtidig. Har du vanskar med påmeldinga så kontakt Olav Vårdal på tlf.: 958 80 931 eller e-post: olav.vaardal@gmail.com . Hugs påmeldingsfristen: 20.3.2020.
Gjestar
Gjestar er hjarteleg velkomne til å delta. Vi legg opp til at dei deltek i dei vanlege klassane.
Deltakaravgift
Ein sats for første gong deltakarnamnet vert påmeldt og ein redusert sats for kvar tilleggspåmelding for same namnet. Det er same satsane om ein deltek i solo, par eller lag.
- Senior (sr.): Kr 200,- for første. Kr 100,- for kvar ekstra påmelding.
- Junior (jr.): Kr 100,- « Kr 50,- «
Billettprisar
Alle opp til 10. klasse: Gratis
Fredag med konsert og dans: Kr 200,-
Laurdag på dagtid: Kr 100,-
Laurdag kveld: Kr 200,-
Gjennomgangsbillett (dekker alt): Kr 400.-
Betaling under kappleiken
NB! Under kappleiken legg vi opp til at all betaling (avgift, mat m.m.) skjer enten kontant eller med vipps.
Overnatting
- Hotellkapasiteten i Dale er relativ avgrensa og alt her er reservert av kappleiksarrangøren
- UWC Connect, N-6968 Flekke
e-post: connect@uwcrcn.no tel.: 57 73 70 21
Enkeltrom: kr 600,-
Dobbeltrom: kr 950,-
Familierom (inntil 4 stk. på rommet): kr 1250,- (kr 250,- pr. person utover 4 personar). Har rom som tek inntil 8 personar.
Måltid:
- Frukost kr 100,- (kl. 08.00-09.00)
- Lunsj kr 125,- (kl. 11.00-13.00)
- Middag kr 150,- (kl. 17.30-19.00)
NB! Tinging av rom og mat må vere gjort innan 1. mars 2020
UWC Connect ligg på Hauglandsenteret i Flekke – vel 1 mil frå Dale
- Askvoll Fjordhotell (booking på nett)
Askvoll Fjordhotell ligg 22 km vest for Dale på nordsida av fjorden
- Privat innkvartering
Dersom det viser seg at det i tillegg er trong for fleire overnattingsplassar vert det lagt til rette for privat innkvartering. (Kontakt: Aina Kostøl: ainamarie66@gmail.com / tlf.: 90014844)
Program (førebels)
Fredag 27. mars
Kl. 18.00.: Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering
Kl. 19.30.: Opning v/ordførar Kjetil Felde. og konsert av lokale utøvarar.
Kl. 21.00.: Tevling i runddans. (Alle speltevlingane går til dansande publikum.)
Solo fele / hardingfele jr./sr.
Solo durspel jr./sr.
Solo andre instrument jr./sr.
Lagspel trekkspel/durspel.
Gruppespel runddans (gammaldansgrupper).
Pardans runddans (4 dansar for sr. og berre reinlendar for jr.).
Lagdans runddans (ein dans valfritt).
Finale pardans runddans.
Kl. 24.00.: Premieutdeling og deretter slutt for kvelden.
Laurdag 28. mars
Kl. 09.00.: Kappleikskontoret opnar for billettsal og registrering.
Kl. 11.00.: Tevling:
Spel fele / hardingfele kl. C og B.
Dans kl. C og B.
Kl. 13.00.: Smørbukk-kappleiken. (For born under 12 år)
Kl. 15.30.: Tevling startar oppatt:
- Vokal kl. C, B, D og A.
- Eldre folkeinstrument.
- Durspel bygdedans solo.
- Open klasse
- Samspel jr.
- Gruppespel fele / hardingfele
- Dans kl. D og A.
- Lausdans
- Lagdans jr. og sr.
- Spel fele / hardingfele kl. D og A
- Lagspel fele / hardingfele sr.
Premieutdeling for dei yngste
Kl. 20.00.: Lagspel runddans. Dansande publikum. Kvart lag spelar 4 slåttar, og 2 av desse er teljande. Ein bygdedans eller helst to vert organisert mellom kvart lag.
Kl.24.00.: Premieutdeling og avslutning.
Vi tek atterhald om endringar i programmet.
Med beste helsing
Peter Kåre Igelkjøn Knut David Hustveit
Leiar i Dalsfjorden spelemannslag Leiar i Sogn og Fjordane folkemusikklag
Kontaktpersonar for Sogn og Fjordane-kappleiken 2020:
Peter Kåre Igelkjøn: Leiar i Dalsfjorden spelemannslag: Tlf.:977 51 063, e-post: peterkareigelkjon@yahoo.no
Knut David Hustveit: For kappleiksnemnda: Tlf.: 915 72 217, e-post: khustveit@gmail.com