INNHALD:

Del 1: kl. 10.00-13.00 Presentasjon av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane v/Erle Hind Her får deltakarane ei innføring i kva som finst i arkivet og korleis dei kan søkje i arkivet sin database. Det vert demonstrasjon av opptaksutstyr og korleis det vert gjort opptak til arkivet. Deltakarane får også løyse praktiske oppgåver ved å bruke fylkesarkivet sin database.

OBS! Deltakarane må så langt som mogleg, ta med eigen berbar pc. Dersom nokon ikkje har eigen pc, gjer vel og opplys om dette ved påmelding så skal vi prøve å skaffe nokre ekstra pc-ar til utlån!!

Kl. 13.00-14.00: Felleslunsj på Café Herman

Del 2: kl. 14.00-17.00 Presentasjon av Rff-arkivet v/Anna Liv Skjelten Gjendem Deltakarane får presentert for kva som finst i arkivet og korleis dei kan låne arkivmaterial. Her vert gjeve døme på klipp frå arkivet og korleis desse kan brukast i undervisning Deltakarane får prøve dette i praksis då her vert enkel danseinstruksjon etter arkivopptak.

Seminaret vert avslutt med ein presentasjon av Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Påmeldingsavgift: kr 3oo, -. ( inkl. lunsj/kaffi) Påmeldingsfristen er 30.august, men meld deg gjerne på med det same!

Påmelding sendast til: post (@) folkemusikklaget.no Sjå elles komplett innbyding som er lagt ut ovanfor. Alle velkomne! Arkivseminaret er i samarbeid med: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Rff-senteret