– Det har vore ei lang, spennande og lærerik reise, seier Bjørkum. - No er det tid for at nye krefter leier skuta vidare, difor har eg orientert styret om at eg ynskjer å tre av som direktør etter at festivalen 4.-8. juli 2018 er gjennomført.
 
- Vi har bygd festivalen stein på stein over mange år, med hardt arbeid og stort engasjement, og i samarbeid med ei mengd gode hjelparar; frivillige, offentlege og private støttespelarar og gode samarbeidspartar innanfor kulturlivet, seier Bjørkum.
 
Frå ein sped start med ei 50% prosjektstilling, er Førdefestivalen no ein viktig kulturinstitusjon i fylket med 7 kompetansearbeidsplassar og ein årleg omsetnad på rundt 19 mill. kroner. Festivalen er Skandinavias største i sitt slag og er anerkjend nasjonalt og internasjonalt for høg kvalitet både kunstnarleg og arrangementsmessig, og for ein klar og særeigen profil.

Stillinga som direktør vert lyst ut like over nyttår. Festivalen samarbeider med selskapet Hodejegerne Møllerstad & Christiansen i rekrutteringsprosessen. Styreleiar Tone Winje trur stillinga vil vere attraktiv.
 
– Hilde Bjørkum har lagt eit svært godt grunnlag gjennom sitt årelange arbeid. Vi vil takke henne for den formidable innsatsen ho har lagt ned for å utvikle festivalen til det den er i dag. Den som no kjem inn vil ta over ein solid organisasjon med gode moglegheiter for vidare utvikling, seier ho.
 
Frå 1. september går Bjørkum over i 50% rådgjevarstilling ved festivalen med fokus på utviklingsarbeid.
 
Førdefestivalen er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i Noreg, og største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda presenterte gjennom rundt 90 arrangement. Totalt besøkstal er 25-30 000 pr. år. Sidan 2010 har Førdefestivalen vore kåra til ein av dei 25 beste i sitt slag av det internasjonale tidsskriftet Songlines, og er også ranka på eksklusive festivallister i the Guardian og hos National Geographic Travel. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for festivalen som 4.-8. juli 2018 vert arrangert for 29. gong. Programinformasjon og andre opplysningar på www.fordefestival.no