Helgen i Bergen har ei stort kurstilbod retta mot heile breidda av FolkOrg sine medlemmer. Dei ulike tema i kursprogrammet er mellom anna rekruttering, stønadsordningar, heimesider, mediehandtering og kurs i tradisjonskunnskap / dommarkurs. For dei unge vert det arrangert eigne kurs der musikken, kjeldebruk og formidling er stikkord. Kursa på laurdag og sundag skal være i BUL Ervingen sine lagshus, Gimle og Fensal. Her finn du meir informasjon om kurstilbodet og påmelding til helga.

Fredag 21. september skal Folkelarmprisen, prisen til ”årets lokallag” og prisen til ”årets folkemusikkarrangør” delast ut på Schøttstuene i Bergen. Denne prisutdelinga vert annleis enn alle tidligare prisutdelingar, og den vil verta gjort på en måte som kler lokala og musikken. Etter prisutdelinga vert det Hurra-konsert på Ricks med Annbjørg Lien, Kvedarkvintetten, Sigrid Moldestad, One Way Out og Gabriel Fliflet. Vinnarane av dei ulike prisane vert óg presenterte. 

Laurdag 22. september spelar mellom andre UTLA opp til dans på Gimle. I tillegg til UTLA får de óg møte andre lokale musikarar. Dette er eit alkoholfritt arrangement, men det vert spelemannspub på puben ”Kristall” som ligg vegg i vegg med Gimle.

Les meir om kurstilboda og meld deg på innan 5. september her.

Praktisk info om Helgen i Bergen finn du her.