Fuglesongen og fuglane sitt vesen inspirerte Majorstuen til å lage eit heilt verk av fargerike fuglekomposisjonar. Den melankolske svanesongen, perkusjonisten hakkespetten, dei rampete ravnene, parringsdansen til uglepapegøya kakapo med fleire. 

Majorstuen flyg høgt og lågt med feler og bogar, og dei fjørkledde slåttane er inspirerte, overaskande, medrivande og rørande, og alt med Majorstuen sin umiskjennelege signatur.

Majorstuen har sidan starten i 2000 begeistra og vunne eit stadig nytt publikum - og no har du sjansen til å oppleve dei live!

Etter konserten har du sjansen til å svinge deg til feiande flott dansemusikk spelt av sjølvaste Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Årdal og Helgheim bygdekvinnelag syter for kafe med sal av kaffi, brus og noko å bite i.

Velkomen til heilaften i Borgja!
 
Her kan de høyre platemelding av Kvitre frå NRK Kulturnytt: Platemelding av Kvitre
 
Foto: Marius Beck Dahle