Det heile byrjar med gallakonsert ved Den Norske Opera, og det blir ei rekkje konsertar og utstillingar dedikert 1814 markeringa. Saman med den russiske songarinna Ekaterina Ephremova skal dei to vestlandsmusikarane spele seg saman i eit musikalsk møte. Dette skal vidare resultere i fire felles konsertar under den vekelange festivalen. Gytri og Apneseth har aldri spelt saman tidlegare, så det er litt jo moro at ein sunnfjording og nordfjording lyt heilt til Murmansk for å spele saman.
Apneseth har iløpet av 2013 etablert seg som ein av dei mest spennande av våre unge folkemusikarar - mellom anna som "Månadens Artist" på Riksscenen, solist med Bergen Filharmoniske Orkester og med utgjeving av si kritikarroste debutplate "Blikkspor". Gytri på si side vart nominert til Folkelarmprisen i 2013 med si debutplate "Umbra", og er ein godt etablert musikar. Ho er for tida i gong med si neste plate "Audire" saman med Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad Band) og finske Timo Alakotila (JPP).
Både Gytri og Apneseth er med på jubileumskonserten Draumelaget på årets Førdefestival, og det er to sterke solistar som reiser til Murmansk saman. Begge med solid rotfeste i eigne tradisjonar og med opne øyrer for nye musikalske vegar. Det er duka for ei spennande musikalsk reise!