Laget, som er samansett av unge utøvarar frå Jølster, Naustdal, Gaular og Luster, konkurrerte mot 20 lag frå heile landet, og var eitt av 4 lag som etter kvalifiseringa sikra seg finaleplass.

- Det er knallhard konkurranse i lagspelklassen, og særleg nokre av laga i Gudbrandsdalen held skyhøgt nivå. Mellom andre Sør-Fron Spelemannslag og Lom Spelemannslag har forsynt seg grovt av gullmedaljane. Men i år var det oss det klaffa for, og det er vi utruleg glade for, seier musikalsk leiar Synnøve S. Bjørset.

På Landsfestivalen serverte Gamlebanken seks runddansslåttar i finalen, og desse var ukjende for dei aller fleste i salen.

- Vi har lagt vår flid i å finne fram til og dyrke noko av det flotte repertoaret som fins her i fylket. Ei viktig kjelde for oss har vore Johanna Eldegard frå Årdal. Det fins ei rekkje opptak med henne i fylkesarkivet, og blant desse er det nokre skikkeleg tøffe låtar som nesten ingen spelar i dag.

Gler seg over suksessen

Fylkesmusikar Sigmund Eikås har vore læremeister for alle utøvarane i Gamlebanken, både gjennom kulturskulen i Førde, som lærar på Firda vidaregåande, og som leiar av Indre Sunnfjord Spelemannslag. Han gler seg over suksessen til dei unge hardingfelespelarane.

- Det er fantastisk at unge og dyktige utøvarar leitar fram eldre stoff og spelar det så godt at det verkeleg slår an, også på nasjonalt nivå. Noko av bakgrunnen for opprettinga av Landsfestivalen var å få fram det eldre lokale repertoaret, og slik sett har den tent formålet sitt. Likevel har Gudbrandsdalsstilen i mange år vore skuledannande, så det er godt å sjå at også utøvarar av andre stilar kan hevde seg.

Landsfestivalen har vore arrangert årleg sidan 1986, og dei tre første åra var det Indre Sunnfjord Spelemannslag og Honndalstausene som vann lagspelklassen. Frå 1988 og fram til no har det ikkje vore eit einaste hardingfelelag på toppen av pallen. Dei som spelte til gull for Gamlebanken Spelemannslag på Oppdal var Synnøve S. Bjørset (leiar), Åslaug Timenes Bell, Iselin Eikås, Leif Erik Stuhaug, Ingrid Heieren, Ingrid Stuhaug, Helene Myklemyr Bolstad og Anders Olav Ese. Sølvet gjekk til Lom Spelemannslag, og bronsen gjekk til Sør-Fron Spelemannslag.

Fleire medaljar

Frå fylket vårt deltok også Spelemannslaget Fjelljom og Naustedalen Spelemannslag i lagspel, og desse fekk høvesvis 11. og 15. plass. Norill Terese Norheim (Jostedal Spel og Dansarlag) tok sølvmedalje i juniorklassen for durspel. I soloklassen for fele/hardingfele gjekk Mathilde Skjæret (Jostedal Spel og Dansarlag) til finalen og fekk bronsje i juniorklassen, medan Arne M. Sølvberg (Spelemannslaget Fjelljom) etter finalen i seniorklassen fekk ein solid fjerdeplass.

Sjå komplette resultat for Landsfestivalen på www.landsfestivalen.no

Foto: Einar Eimhjellen