Hyespringar er ein kjekk dans, der dansarane får vise kor spreke dei er. På dette kurset skal får du lære meir om den eldste dansen vi veit om frå Hyen, og sjansen til å lære springaren av to av dei fremste folkedansarane i Nordfjord. Kurset startar med eit føredrag og ei samtale om springaren, før vi ryddar dansegolvet og får høve til å danse.
Hyespringaren held på å gå i gløymeboka – og det vil vi i Hyen spelemannslag gjere noko med! Framleis er det nokon som har lært den i familietradisjon, og heldigvis vart springaren dokumentert i 1977. Då dansa Nils Holme og Karen Holme springar og vart filma av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Desse opptaka har Arne Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg studert. Dei to har lært opp fleire generasjonar med unge stryningar i nordfjordspringar, som springaren vi har frå Hyen er ein variant av. Dei har stor kunnskap om folkedansane i distriktet. Med seg på fele har dei Liv Fridtun. Fredrik Hope innleier om innsamlinga av folkedansar i Hyen, og viser videoane frå 1977.
Program for dagen:
12.00–12.30: Velkomen! Føredrag, samtale og video
12.30–14.30: Dansekurs i hyespringar
14.30–15.00: Avslutning og lett servering
Kurset er gratis!
For å planleggje matserveringa vil dei gjerne at du melder deg på til Ragnhild Hope Birkeland (ragnhild.hb@hotmail.com / 97479138) eller Fredrik Hope (fredrik.hope@hotmail.com / 95404115).
Kurset er ein del av serien kortkurs som vert kalla kallar «Gøymde og gløymde skattar», som Hyen spelemannslag vil bruke for å få fram lite brukt folkemusikk og folkedans frå bygda vår.
PS: Kvir du deg for å danse? Det er mogleg å berre vere med på føredraget og videoframsyninga.
Kurset er støtta av Aud og Olav Hjortesets allminnelige stiftelse, Små og raske midlar frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sogn og Fjordane folkemusikklag sitt prosjekt Folkedansspor.
Gøymde og gløymde skattar: Kurs i Hyespringar
Kom og lær å danse Hyen sitt svar på tango – eller kanskje salsa? Hyen spelemannslag skipar til kurs i Hyespringar torsdag 25. juli på Nesholmen leirstad.