Randis gammaldansorkester står for god dansemusikk, så alle skal få svinge seg heile kvelden. Det blir sal av kaffi, kaker, pølser med brød og brus. Billettpris er kr. 200,-. Alle er velkommen!

Når ein først er på tur i Jostedal er det mykje å finne på; breheimsenteret, kajakkpadling på brevatn, fjellturar, rafting, brevandring med erfarne og kunnskapsrike breførar - og dette er berre litt av det! Sjå meir: http://jostedal.com/

Om det ikkje freistar å gå på beina er det fleire fjellvegar i dalen som går opp til 1000-1200 m.o.h, så her kan ein til og med få med seg mykje fin natur i frå bilsetet.