Som beste utøvar på hardingfele kom Ingrid Stuhaug på ein god 2. plass i klassa for solo fele/hardingfele på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Lom sist helg.

Ho representerte Gamlebanken Spelemannslag som gjorde det skarpt nok til finale i lagspel og endte på 5. plass. I lagdans senior gjorde Lystringen reint bord - og med gode resultat for både Jostedal spel- og dansarlag og Gamlebanken Spelemannslag er det ikkje anna å tru enn at dei er skjerpa og klare som vertskap for neste års Landsfestival i Gaupne.

Irene Hestvik og Leon Årdal kom på 2. plass i pardans senior etter sylskarp finale der blant anna lustringane Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø deltok.

Sjå her for heile resultatlista: http://www.landsfestivalen.no/