Spelemennene frå Førde, Jølster, Naustdal, Gaular og Luster skal konkurrere mot seks andre lag om den gjeve tittelen som nordiske meistrar. Pressetalsmann i Gamlebanken, Leif Erik Stuhaug, seier laget har høge ambisjonar for Nord 11.
- Vi skal gje alt vi har, og håpar sjølvsagt at dette held til både finaleplass og gull. Fleire av oss har lagt ned tallause timar med øving framfor spegelen. Personleg har eg øvd på brei beinstilling, og har dessutan pussa dress-skoa og stramma opp både bukseselane og meg sjølv. Så no ser eg fram til jubelbrøl i Sverige, seier Stuhaug.
Solide prestasjonar og høgt nivå
I sommar gjekk Gamlebanken heilt til topps i lagspel på Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Det er 20 år sidan sist eit hardingfelelag vann denne konkurransen. På Landskappleiken vart dei kåra til det beste hardingfelelaget. Desse sterke prestasjonane var grunnlaget for at FolkOrg plukka dei ut til å representere Noreg i den nordiske meisterskapen.
Fylkesmusikar Synnøve S. Bjørset er musikalsk leiar i Gamlebanken, og ho gler seg til å spele for eit kresent publikum.
- Eg er veldig stolt over å få leie denne uvanleg kjekke gjengen med unge hardingfelespelarar. Dei held eit generelt høgt nivå, og er svært motiverte. Det gjer at vi kan leike oss med eit musikalsk overskot og fokusere på formidling og speleglede.
Solistrepertoar og originale slåttar i lagspel
Gamlebanken har lagt lista høgt, og gyv laus på slåttar som sjølv drivne solospelemenn kvir seg for å gje seg i kast med. Det krev nitid øving og hårfin presisjon, ei utfordring Gamlebanken har teke på strak arm. På Landskappleiken slo dei til med tidenes coverlåt, Fanitullen, og hausta stormande jubel frå salen. Men på den nordiske meisterskapen kikkar dei i ei litt anna retning.
- På Nord 11 skal vi spele runddans, og vi kan nesten kalle det ein tribute til spelekvinna Johanna Eldegard frå Årdal. Slåttane etter henne gode og samstundes originale. Vi er alle samde om at ho dreiv reine hit-fabrikken. Det er ikkje så mange som spelar desse slåttane i dag, så her prøver vi å gjere ein liten innsats, seier Bjørset.
Hardingfelenestor Eikås bakmann
Gamlebanken hadde opphavleg sitt utspring frå kulturskulen i Førde. Seinare har dei knytt til seg fleire medlemmer frå både Sunnfjord og Sogn. Og felles for alle felespelarane, er at dei alle har vore under fylkesmusikar og hardingfelenestor Sigmund Eikås sine vengjer. Anten i kulturskulen, gjennom Indre Sunnfjord Spelemannslag, eller som elevar på Firda vgs. og Ole Bull Akademiet.
- Det er fantastisk flott at vi har så mange unge her i området som spelar så godt! Eg har alltid sagt til elevane mine at dei må spele slåttar dei likar, og at dei må meine det dei gjer. Min jobb har ikkje vore å endre lynnet deira, men å få dei til å spele best mogleg ut frå sine eigne premissar. Då er det voldsomt moro å sjå og høyre at dei verkeleg får det til, seier Eikås.
Dei som stiller for Gamlebanken i Sälen er:
Synnøve S. Bjørset, Leif Erik Stuhaug, Ingrid Stuhaug, Ingrid Heieren, Iselin Mulen Eikås, Åslaug Timenes Bell, Oda Bolstad, Torkjel Bruland Lavoll, Anniken Blix og Mona-Kristin Fiskarstrand på hardingfeler, Helene Myklemyr Bolstad på gitar og Anders Olav Ese på kontrabass.