Det er fjerde gongen denne meisterskapen blir avvikla, og til saman 24 solistar, grupper og lag skal konkurrere om tittelen som nordisk meister.

Tidlegare i sommar gjorde Gamlebanken reint bord under Landsfestivalen i gamaldansmusikk, og kunne smykke seg med gullmedalje for innsatsen i lagspelklassa. Også på Landskappleiken gjorde dei det svært godt, og vart kåra til landets beste hardingfelelag, og tok ein 2. plass i lagspelklassa rett bak Gudbrandsdølanes Spelemannslag.

På NORD11 konkurrerer Gamlebanken mot til saman 7 spelemannslag frå Norge, Sverige, Finland og Danmark, og det knyter seg stor spenning til kven som stikk av med sigeren.

Gamlebanken Spelemannslag er sett saman av utøvarar frå Jølster, Førde, Naustdal, Gaular og Luster, og blir leia av fylkesmusikar Synnøve S. Bjørset.

Les meir om NORD11 her.