- Vi sikta høgt og var fast bestemt på å gje alt. Det viste seg å vere ein vellukka strategi, og vi har jubla både høgt og lenge. Personleg er eg voldsomt høgt oppe, og har ikkje tenkt å jekke meg ned før ein gong ut i neste veke, seier pressetalsmann Leif Erik Stuhaug.

Gamlebanken representerte Noreg saman med Gudbrandsdølenes spelemannslag, og etter den innleiande kvalifiseringsrunda vart det klart at begge desse laga hadde spelt seg til finaleplass. Men felespelarane frå Gudbrandsdalen og dei andre tevlande fekk bokstaveleg talt bank av eit Gamlebanken i storform.

- Vi hadde ein ambisjon om slå bra i frå oss, og skape blest om folkemusikken frå fylket. Vi var dei einaste deltakarane på hardingfele, og vi spelte dessutan nokre av dei likaste slåttane som fins! Dette gjorde av vi skilde oss ut i positiv forstand. Så vi er svært nøgde med kva vi har oppnådd, seier Stuhaug.

Fylkesmusikar Synnøve S. Bjørset er musikalsk leiar for laget, og er svært stolt over prestasjonane. - Det var ei heilt spesiell oppleving å stå på scena denne gongen. I finalen hadde vi så og seie full klaff, og det var berre fantastisk moro! Og ikkje minst kjennest det som eit privilegium å få leie denne utruleg flinke og energiske gjengen. Sigeren på Nord 11 er ei stor anerkjenning av oss som utøvarar, og av slåttane vi spelar.

Dei som stilte for Gamlebanken i den nordiske meisterskapen er: Synnøve S. Bjørset, Leif Erik Stuhaug, Ingrid Stuhaug, Ingrid Heieren, Iselin Mulen Eikås, Åslaug Timenes Bell, Oda Heidi Bolstad, Torkjel Bruland Lavoll, Anniken Blix og Mona-Kristin Fiskarstrand på hardingfeler, Helene Myklemyr Bolstad på gitar og Anders Olav Ese på kontrabass.