UTDRAG FRÅ TILRÅDINGA TIL HOVUDUTVALET

Fylkesdirektøren rår hovudutval for kultur til å gjere slikt vedtak:
1. For å kartlegge interessa for å delta i eit samarbeid om etablering av distriktsmusikarstillingar innan folkemusikk vert alle kommunane i fylket invitert til deltaking.
2. Kommunane melder si interesse innan 1. januar 2014.
3. Vidare iversetjing skal skje gjennom drøftingar og avtale mellom aktuelle kommunar og fylkeskommunen. Dette skal skje i samarbeid med dei tilsette fylkesmusikarane i noverande stilling og deira fagforeining.
4. Fylkesdirektøren for kultur får til oppgåve gjennomføre prosessen innanfor vedtekne økonomiske rammer.

Den nye ordninga vil dermed vere avhengig av at kommunene i fylket tek ansvar og viser si interesse.I den vidare prosessen fram til 1. januar 2014 vil det derfor vere viktig å jobbe opp mot kommunene for å få samarbeidet på plass.