Ordninga med fylkeskommunalt tilsette folkemusikarar vart etablert i 1989 med støtte frå Norsk kulturråd. Då med fem stillingseheimlar: Elin Grytting, Arne Sølvberg, Oddbjørn Ramstad, Sigmund Eikås og John Oddvar Kandal. Vidar Underseth, Harald Hesjevoll og Synnøve S. Bjørset har også vore iinnom ordninga, og i dag er det att ei halv stilling.
 
I 2010 vart ordninga evaluert, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle finne fram til ei framtidig organisering. Hovudutval for kultur vedtok deretter at fylkesmusikarstillingane skulle omorganisert til distriktsmusikarstillingar med folkemusikk som arbeidsfelt. Heile prosessen vart utsett på grunn av økonomiske innstrammingar, men no held økonomien på å stabilisere seg og då ønskjer fylkeskommunen å finne fram til ei god løysing.
 
Inviterer kommunane til felles møte
Alle interesserte kommunar er difor inviterte til eit felles møte i Førde 25. januar. Ein viktig føresetnad for omorganiseringa er at stillingane som blir etablert skal kombinere undervisning og utøving på same måte som dagens distriktsmusikarar gjer. Her er det ei 50-50 fordeling.
 
- Vi ønskjer å vere lyttande og høyre på dei synspunkta som kjem fram frå kommunane og folkemusikkmiljøet i fylket. Eitt spørsmål er kva stillingar vi skal etablere? Skal vi opprette stillingar innan hardingfele, song eller trekkspel? Alle har rike tradisjonar her i fylket. Eit anna spørsmål er om det er mogleg å kombinere nye stillingar med ekstisterande distriktsmusikargrupper, eller skal nye kommunar bli vertskap for desse? Dette vil vi vite meir om når vi har fått snakka med kommunane som er interesserte, seier Øyvind Lyslo til Firda Tidend.

 

Distriktsmusikarmiljøet i fylket er delt i tre. Gloppen har fem distriktsmusikarstillingar, Førde har seks, medan Sogn har fire, med Leikanger som formell vertskommune. Kanskje det er naturleg å leggje nye distriktsmusikarstillingar til allereie eksisterande miljø - dette konkluderte i alle fall arbeidsgruppa med - så er det opp til kommunane å få den økonomiske biten på plass.

 
Oppstart hausten 2018
(dette avsnittet er henta direkte frå artikkelen til Firda Tidend)
Det gjer at fylkeskommunen vil prøve å strekkje seg langt for å få stillingane etablerte.
 
- Under førre runde gjekk vi inn for å dekke halvparten av ei stilling, det vil seie den utøvande delen, og så ville det bli opp til kommunen å ta ansvar for undervisningsdelen. Om vi klarer det denne gongen, må vi vurdere. Det kjem mellom anna an på kor mange som melder si interesse, seier Øyvind Lyslo. Fylkeskommunen ser føre seg at hausten 2018 kan vere eit høveleg startpunkt for ei ny ordning.
 
- Dette er slikt som må innarbeidast i økonomiplanar og vedtakast i kommunestyre. Stillingane må også lysast ut.. Dette rekk vi ikkje til hausten 2017. Vi håpar på at den nye måten å organisere satsinga vår på vil vere eit nyttig steg for folkemusikken i fylket. Å få dette integrert i ei allereie eksisterande musikarordning - som er målet - vil få folkemusikken inn på ein arema der den klassiske musikken har dominert til no. Det er hovudsakleg klassisk utdanna musikarar som er distriktsmusikarar i dag. Når ein legg til rette for møte mellom musikarar med ulik sjangerbakrunn, kan det oppstå nue og spennande ting. Det har eg sjølv erfart etter å ha samarbeidd med Arne Sølvberg. Det har vore berikande for mg, seier Øyvind Lyslo, som har vore folkemusikkleiar sidan 1992. Han har hovudsakleg vore produsent for barnehage- og skulekonsertar i fylket. Ein del av stillinga hans har óg gått med til å organisere fylkesmusikarordninga og koordinere distriktsmusikarane.