Det avgjorde hovudutval for næring og kultur tysdag 24. november, der dei samrøystes tildelte prisen til Bjørkum.
 
– Det er utruleg hyggeleg at Hilde Bjørkum med si breie og gode kompetanse både på musikk og som arrangør får fylkeskulturprisen, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter, i ei pressemelding.
 
Hjelmeseter peikar på målretta og kvalitetsbevisst jobbing i meir enn 25 år, og at Bjørkum har sett kulturtilbod som folkemusikkfestivalen på kartet både nasjonalt og internasjonalt.
 
– Førdefestivalen er blitt ein internasjonalt anerkjent festival som vi er stolte av, seier Hjelmeseter.
 
Får prisen i desember
Men sjølv om det no er klart at Bjørkum får prisen, blir den ikkje delt ut før på fylkestinget 8. desember i år. Då får Folkemusikkfestivaldirektøren delt ut ein diplom og ein sum på 50.000 kroner.
 
Her er juryens fulle grunngjeving:
«Hilde Bjørkum har sidan starten i 1990 bygd opp Førdefestivalen til ein av dei sterkast kulturmerkevarene fylket har i dag. Bjørkum har klart å kombinere kunstnarleg utvikling og suksess med fast økonomisk og administrativ styring. Ho har reist verda rundt for å lære, gjere festivalen kjend og kvalitetssikre artistane som kjem til Førde. Hilde Bjørkum har meistra alle sider ved det å drive ein festival, frå planlegging og etablering til drift og utvikling. Det er ikkje mange leiarar av norske kulturinstitusjonar som kan vise til slike resultat. Bjørkum har heile tida satsa på kvalitet. Målet har vore å utvikle ein sjangerfestival med tydeleg profil. Å skape ein festival for dei musikalsk nysgjerrige. Ho har heile tid hatt mot til å fornye og presentere musikk og dans på nye måtar og arenaer, frå det intime til det storslåtte og spektakulære. Både Førde og nabokommunane blir nytta som arenaer for konsertar. Gjennom tallause prosjekt har ho løfta fram den lokale tradisjonsmusikken og gitt mange unge folkemusikarar frå fylket rom til å utvikle seg til profesjonelle utøvarar. Som direktør har ho markert seg nasjonalt og internasjonalt, og mellom anna vore president i organisasjonen «European Forum of Worldwide Music Festivals» og medlem av ekspertkomiteen for EU sitt «Culture 2000-programme». Ho har også vore medlem i fagutvalet for musikk i Norsk kulturråd. Ho vart nemnd opp som medlem til styret for Norges Musikkhøgskule i 2014. I 2006 fekk Hilde Bjørkum heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans. Prisen går til personar som har utmerka seg med stor innsats av nasjonal verdi for folkemusikken og folkedansen.»