"Det hadde vore veldig kjekt om endå fleire vart med," seier tevlingsleiar Oda Heidi Bolstad. "Sjølv om vi eigentleg har stengt påmeldinga via FolkOrg sine nettsider er det framleis mogleg å melde seg på ved å sende epost til meg - odahb@yahoo.no". Ho oppfordrar alle til å betale på førehand - då vil nemleg registreringa gå langt raskare når ein er komen fram.

Etterlyser fleire dansarar
"I Sogn og Fjordane er det veldig mange gode dansarar, men det er langt frå alle som har meldt seg på kappleik", fortel Oda, og legg til at det er viktig med gode dansarar også på kveldstid. Ho er spent på om ho får fyllt opp ballkortet sitt, og har ei oppfordring til alle som er i tenkeboksen; "Meld deg på, og bli med på leiken!"

For betaling på førehand er konto nr. 3785 20 8131 - merk med namn og klasse.