I Fureprisfinalen under Landskappleiken på Røros laurdag var Erlend Apneseth ein av fem folkemusikarar under 25 år som kjempa om prisen. Dei fire andre var: Hans Kjorstad (fele), Tor Hoslemo (hardingfele), Mari Midtli (vokal) og Ida Furusæter (durspel). Fureprisen er på 50 000 kr og vart delt ut under meisterkonserten i Verket på Røros søndag.
Prisen er gjeven av Furestiftinga, ei stifting etter forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. Førebels vert siste gong prisane vert utdelte under Landskappleiken på Geilo til neste år.
Erlend spelte seg også heilt til finalen i hardingfele klasse A og kom på ein flott tredjeplass. Vinnar var Per Anders Buen Garnås medan Jan Beitohaugen Granli kom på andreplass. Gro Marie Svidal og Synnøve S. Bjørset begge frå Indre Sunnfjord spml. kom på delt fjerdeplass i klassa.