Tema for seminaret er jakta på den gode konsertopplevinga. Kven spelar godt på tom mage? Kvifor hyre ein god musikar om lydanlegget ditt er dårleg? Kvifor be om halalkjøt og moskusmjølk viss du eigentleg har lyst på cola og pommes frites?

Knutepunktfestivalane Førdefestivalen og Norsk Country Treff (NCT) inviterer til seminar for artistar og arrangørar der nettopp samarbeidet mellom artist og arrangør vert sett på dagsorden. Korleis kan ein jobbe saman for å oppnå fulle hus og fornøgd publikum? Aasmund Nordstoga, Nicholas Møllerhaug og Stian Sjursen Takle er blant innleiarane. Seminaret er aktuelt for små og store arrangørar, artistar, management, og utdanningsinstitusjonar.

Etter inspirerande innlegg og gode debattar er seminardeltakarane invitert til ekte julestemning med Aasmund Nordstoga & Abildsø Spelemannslag og konserten «Tolv dagar i jola» i Storsalen i Førdehuset. Konsertbillett er inkludert i seminaravgifta. Du finn også informasjon om seminaret på www.fordefestival.no

Seminaravgift kr 180,-. Prisen inkluderer seminardag med mat, drikke og konsert.

Seminaret startar 13.30. Konserten startar 19.00.

 

Påmelding og meir info her.