FOTO - Lagspel sen., gruppespel sen. og open klasse
Fylkeskappleiken 14.april 2012:
I alt 12 lag stilte opp i lagspel fele/hardingfele senior av desse deltok to i gjesteklassa. Årets siger i lagspel senior gjekk til Gaular spelemannslag (foto) med 124 poeng. Indre Sunnfjord spelemannslag kom på andreplass med 120 poeng medan spelemannslaget Fjelljom vart nummer tre med 116 poeng.
I gruppespel senior og open klasse var det ein deltakar i kvar klasse. Det vart dermed siger til høvesvis spelemannslaget Havella og duoen Mathilde og Norill.
Foto av samtlege deltakarar er lagt ut nedanfor.