FOTO Gamaldansgrupper
Fylkeskappleiken 14. april 2012:
I alt fire grupper deltok i klassa for gammaldansgrupper. Gruppa "Aslaks" (foto) gjekk til topps med 170 poeng. "Grannelaget " følgde på andreplass medan Naustdalen toraderlag vart nummer tre.
I dansetevlinga i vals og hamborgar/polka stilte 14 par opp i den innleiande runde. Fire par gjekk vidare til finalen. Berit og Per Kongsvoll frå Nordbygda spel- og dansarlag vann klassa føre Øygun og Johannes Kjos frå Jostedal spel- og dansarlag. Aud Sissel Orheim og Kjartan Naustadal frå Nordbygda spel- og dansarlag følgde på tredjeplass.
Dette er dei siste fotoseriane frå årets fylkeskappleik i Stryn. Stor takk til kappleiksfotograf Leif Vinsrygg!