Fjaler sitt svar på den irske puben ser no dagens lys, nemleg folkemusikkpub i Løa! Anten du kjem for å møte vener, drikke øl, høyre på folkemusikk, eller med instrument i handa vert det garantert god stemning på Løa denne kvelden.
Folkemusikklaget Havbrusen med vener inviterer til opa scene, og her vert det ulike musikkinnslag med folkemusikken som raud tråd. For dei som kjenner slåttemusikken frå Fjaler, kan vi røpe at ei lokal gruppe med Egil Furnes som musikal leiar, vil spele slåttar etter dei lokale spelemennene Bendik og Daniel Brynestad. Kanskje dukkar det opp ein tuba eller to? Og har du lyst til å spele sjølv, er scena open for alle, og alle kan henge seg på.
Dette er kvelden då det er lov å prate medan musikk spelast, og der stemning er viktigare enn stemming. Vel møtt til folkemusikkpub i Løa!
Baren opnar kl. 20.00 - opa scene frå klokka 20.30.
 
Tekst av Marie S. Stølen
 
Facebook-hending: https://www.facebook.com/events/292621172980994/?acontext=%7B%22event_action_history%22%3A[%7B%22mechanism%22%3A%22search_results%22%2C%22surface%22%3A%22search%22%7D]%2C%22ref_notif_type%22%3Anull%7D